Søknadsfrist
15. august 2025

Om arbeidsplassen
Sogn Avis dekkjer kommunane Sogndal, Vik, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Avisa har hovudredaksjon i Sogndal og avdelingskontor i Årdal. Sogn Avis er eigd av Amedia, som er landets største utgivar av redaktørstyrte medier og leiande på lokal avisutvikling. Dagleg når konsernet over to millionar lesarar gjennom sine 107 medier. Konsernet har 2.000 tilsette og omsette i 2024 for 4 milliardar kroner.

Sogn Avis har ei unik rolle og posisjon i Indre Sogn. Avisa har 8500 abonnentar og 18.800 lesarar dagleg digitalt, og har vore i kraftig vekst dei siste åra. 3 av 4 abonnentar er heildigitale. Avisa blei kåra til årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser (LLA) i 2022 og blei i 2023 kåra til årets mediehus i Amedia.
Sogn Avis har ambisjonar om å veksa vidare digitalt og styrke posisjonen ytterlegare i ulike målgrupper i åra som kjem. Sogn Avis søkjer no ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar med drivkraft og ambisjon om å videreutvikla redaksjonen og styrka mediehuset sin posisjon.
Kva kan vi tilby?
Gjennom den frie journalistikken og samfunnsoppdraget bidrar du med å utgjera ein skilnad i folks liv, lokalsamfunn og i eit levande demokrati. Du vil få ei sentral rolle i eit sterkt redaksjonelt miljø som består av 14 tilsette. Som ein del av Amedia-nettverket får du tilgang til god støtte frå ulike fagmiljø og du vil oppleva eit godt samarbeid og samspel på tvers av ulike redaksjonar og forretningsområde. Vi samarbeider, lærer, heiar, bryr oss om kvarandre og spelar kvarandre gode. Amedia er i fleire år kåra til ein av landets mest attraktive arbeidsgivarar og er sertifisert som Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar og er eit bevis på at våre medarbeidarar opplever organisasjonen som ein god stad å arbeida.
Kva skal du oppnå?
Du skal gjennom handlekraftig og tydeleg leiarskap samla laget og setja retning. Du skal sikra vekst i avisa sine digitale plattformer, samt sikra digital abonnementsvekst. Du skal bidra til å styrka og videreutvikla avisa sin posisjon i nedslagsfeltet, ved å vera tett på journalistikken og redaksjonen.
Er du den rette kandidaten?
Du har leiarerfaring, er motivert til å setja dagsorden, engasjera lokalsamfunnet og levera journalistikk av høg kvalitet. Du har god presseetisk vurderingsevne, og du brukar innsikt og analyse for å utvikla journalistikken til det beste for lesarane. Du bur, eller ønskjer å busetja deg i nærleiken av Sogndal og du er god til å skriva nynorsk. Du vil rapportera til mediehusdirektør Svein Atle Huus.
Er du klar for utfordringa?
For spørsmål om stillinga, ta kontakt med ein av rådgjevarane i FRAM: Bård Idås (95 04 44 83) eller Ann Mari Nygjerde (95 75 02 45). Du kan også ta kontakt med mediehusdirektør Svein Atle Huus (95 19 85 04) eller HR-partner Marie Sundling (99 54 31 51).
Søknadsfrist er 15. august. Søknadane vert vurdert fortløpande.
Søknadsfrist
15. august 2025
Om denne stillingen
Arbeidsgiver
Sogn Avis
Arbeidsplass
Sogndal
Tittel
Ansvarleg redaktør og dagleg leiar
Stilling
Fulltid
Ansettelsesform
Fast
Adresse
Stedjevegen 38
Stortingsgata 12, 0161 Oslo
Org. nr. 930 452 963